Jølster – midt i fylket

Slaraffenliv, utfordringar og opplevingar!
Jølster ligg midt i Fjord-Norge, med det fiskerike Jølstravatnet som eit naturleg midtpunkt. Vatnet er omkransa av lier og fjell, der skog, elvar og brear inviterar til aktivitetar og friluftsliv for barn og vaksne – sommar og vinter. Ta fri i ditt eige tempo. Slapp av i komfortable hytter eller prøv aktivitetar etter lyst, lynne og dagsform.
I Jølster tilbyr vi rafting og organiserte breturar. Her er stiar og turløyper med ulik krav til kondisjon, og høve til jakt og fiske.
Astruptunet, Eikåsgalleriet, Jølstramuseet, Audhild Vikens Vevstove og Bremuseet i Fjærland er populære attraksjonar.

Kommunikasjon
Øvrebø Hytter ligg 21 km frå Førde, den største byen i Sogn og Fjordane. Daglege samband med ekspressbuss til og frå Oslo, Bergen, Trondheim og Ålesund. Lokale bussruter til Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
Bringeland flyplass: 1 time frå Oslo, 20 min. frå Bergen.

 

Kart Jølstravatnet Øvrebø hytter større